Statsforvaltaren har vedteke ordningane for Regionale miljøtilskot til jordbruket for 2023.

Ordningane i Trøndelag som gjeld Regionale miljøtilskot til jordbruket for 2023 er vald ut med bakgrunn i prioriteringar gjort i «Regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2023-26» frå Statsforvaltaren, «Instruks for regionale miljøtilskudd 2023-26» frå Landbruksdirektoratet og forskrift om regionale miljøtilskudd i jordbruket, Trøndelag.

I all hovudsak er tilskotsordningane dei same som for 2022, men med nokre justeringar og nokre nye ordningar.

Tilskotssatsane er laga ut frå økonomisk ramme for 2022 og vil bli endra dersom årets jordbruksavtale skulle tilseie det. Jordbruksavtalen kan og koma med endringar i dei enkelte ordningane. Det vil koma oppdatert versjon av «veilederen» etter at jordbruksavtalen for 2023 er vedtatt.

Endringar som er gjort
Skjøtsel av trua naturtypar gjeld berre beiting, slåtteordninga er tatt bort
• Sonar for pollinerande insekt kan maksimalt is for 2000 meter
• Sonar for pollinerande insekt kan ikkje kombinerast med grasdekt kantsone eller grasdekt vassveg

Nye ordningar
• Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (vipe, Storspove og åkerrikse)
• Direktesådd haustkorn og oljevekster
• Fangvekster sådd etter hausting (i tidlegkulturar)
• Bruk av eigenprodusert kompost
• Spreiing av biokol