Pressemelding fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider:

Nidarosdomen får nå eit løft for framtida. Ekstra midlar i statsbudsjettet gjer det mogleg for Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) å starte arbeidet med å skifte ut dei nedslitne kopartaka på landets viktigaste historiske bygning.

Oddmund Hoel, direktør ved NDR, er både glad og letta etter å ha fått nyheita om økte bevillingar.

– Vi er svært glad for at vi får pengar til å starte på den store oppgåva med å skifte taka på nasjonalheilagdommen, seier Hoel. – Det har vore klart i mange år at taka må skiftast ut, og det er veldig gledeleg at kulturministeren og regjeringa no har funne rom til å prioritere dette. Det er også særs bra og viktig at det kjem i form av ein varig auke i løyvinga til NDR. Det gjer det mogleg med ei langsiktig planlegging av arbeidet, som vil gå over mange år.

Nidarosdomen sitt karakteristiske grøne kopartak er i svært dårleg stand. Nedbør og vind fører til omfattande lekkasjar, særleg i spiret og hovudskipet. Lekkasjane utgjer ein fare for murverket og kan skade både lysanlegg, orgel og andre tekniske anlegg. NDR har i fleire år arbeidd med å utbetre lekkasjane, men kopartekkinga er jamt over i så dårleg forfatning at det ikkje er mogleg å lappe saman dagens tak.

NDR vil no gå vidare med prosjekteringa og avklare korleis dei tek fatt på arbeidet og kor raskt det kan startast opp.

– Å leggje nytt kopartak på Nidarosdomen blir eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid, seier Rune Langås, avdelingsdirektør ved NDR. – Det vil krevje mange tonn kopar og enorme stillasriggar. Av både praktiske og sikkerheitsmessige grunnar er det ønskjeleg og naudsynt å dele opp den omfattande jobben i fleire delprosjekt. Vi håper å starte det praktiske arbeidet i 2027.

Dagens kopartak vart lagde i samband med restaureringa av Nidarosdomen mellom 1888 og 1928. Utskiftinga av taka blir eitt av dei største sikringsprosjekta ved katedralen i moderne tid og eit viktig bidrag til å ta vare på eit av Noregs fremste kulturminne for framtida.

Fakta frå statsbudsjettet (side 84):

I tillegg foreslås det å øke bevilgningen på posten med 6,5 mill. kroner for å skifte kobbertaket på Nidarosdomen. Taket lekker, og vann som trenger inn, gir forvitring i steinkonstruksjonene. Dette øker faren for steinnedfall inne i kirka, som igjen kan skade mennesker og kulturminner. Levetiden til et kobbertak er til vanlig 100 år. De eldste delene av kobbertaket på katedralen er over 100 år gamle. Arbeidet med å skifte ut taket vil måtte utføres over tid.

I tillegg gjer regjeringa framlegg om å vidareføre auken på 5 mill kr som NDR fekk i budsjettforliket for 2026.